Book The Billionaire World Hanne Nabintu Herland How Marxism Serves the Elite
Det rasefokuserte Norge: Herland Report

Feilslått feminisme skaper harde og selviske kvinner

 

Herland Report: Feilslått feminisme skaper harde og selviske kvinner: Hanne Nabintu Herland har blitt lagt merke til i media når ho kritiserer feministane for mangt og mykje. Men kva er det eigentleg den profilerte religionshistorikaren meiner?

”Eg er utruleg takksam for mange av dei kampane kvinnerørsla har kjempa opp gjennom åra. Kampen for like sosiale og politiske rettar var viktig. Kampen for likeverd og for røysterett er ein føresetnad for at eg i dag, som kvinne, kan spela ein aktiv rolle i samfunnsdebatten,” seier ho.

Kor var det så kvinnekampen gjekk frå å vera bra og naudsynt til å vera skadeleg? ”Fram til femtitalet var kvinnekampen positiv. Med sekstiåttaropprøret kom det ein ny type kvinnekamp og feminisme på banen. Denne gjekk ikkje berre ut på å løfta fram kvinna, men på å riva ned mannen. Det filosofiske grunnlaget var Jaques Derrida si tenking, dekonstruktivisme. Han meinte at alle ting kom i par, som til dømes skiljet mellom oss og dei andre, dei rike landa og dei fattige landa, kvinna og mannen. Under sekstiåttaopprøret blei det eit mål at den undertrykte delen av alle para skulle reisa seg til kamp. For dekonstruktivistane blei det eit viktig mål å stilla kritiske spørsmål til makthavarane,” seier Herland.

 

Feilslått feminisme:Ny bok fra bestselgende Hanne Nabintu Herland: Tyranni. Hvordan Venstresiden ble den nye, intolerante herskerklassen, Herland Report
Feilslått feminisme skaper harde og selviske kvinner: BOK fra religionshistoriker Hanne Nabintu Herland: “TYRANNI. Hvordan Venstresiden ble den intolerante herskerklassen”, . der hun hevder at sosialistene ble den nye eliten som ikke vil ha mangfold, men totalitær ensretting av samfunnet. Kjøp den her til alle tenkende mennesker i Norge! Den er også tilgjengelig hos ARK bokhandel, ADLIBRIS, Haugen Bok og andre.

 

Feilslått feminisme: Kvifor var dette så viktig for kvinnekampen, korleis påverka det feminismen? ”Derrida og hans allierte meinte at mannen undertrykte kvinna. Menn hadde i fylje han all makt i samfunnet, og kvinner sin seksualitet blei sett ned på. Difor måtte mannen sin autoritet rivast ned, og alt positivt som var knytt til den gamle mannsrolla fjernast. Alt det nye var godt, alle det gamle var vondt, var det mange som tenkte”.

Og det tenker ikkje du? ”Nei, det gjer eg ikkje. Kampen for å løfta kvinna, gjennom rett til utdanning og yrkesdeltaking var positiv, men sekstiåttarfeminismen sitt mål om å riva ned kjønnsrollane går mykje lengre. Det er ein pendel som har svingt for langt. Før var samfunnet kvinnefiendtleg, med den nye feminismen blir det mannsfiendtleg. Og kanskje kvinnefiendtleg òg? Kravet om at kvinner skal bli som menn hinder mange kvinner i å leva det livet dei sjølve vil. Me må ha respekt for tradisjonelle kvinnelege og mannlege verdiar. ”

Så du meiner at kjønnsrollane heng saman med biologi, og ikkje berre er sosialt skapte? ”Eg har tru på det som evolusjonspsykologane seier om at det er biologiske skilnadar mellom kjønna. Til dømes seier det seg sjølve at ein mann ikkje kan amma, og at kvinner difor blir nærare knytt til barna den fyrste levetida deira, ” poengterer ho.

 

RELATERTE ARTIKLER:

 

Feilslått feminisme:  Men kva har det å sei for kjønnsrollar seinare i livet? Det at mannen ikkje ammar er eit faktum som sjølv dei fleste feministar vil akseptera. Men er det noko argument for at kjønnsrollane skal vera sånn at kvinner jobbar meir deltid, hamnar i dårlegare løna yrker og gjer meir husarbeid?

”Mitt poeng er at kvinner sjølve må få velja om dei vil fylja den tradisjonelle kvinnerolla, eller om dei VELGER KARRIERE I YRKESLIVET. Det må ikkje vera sånn at dei som veljer å vera heime nokre år med ungane, eller å jobba deltid i eit omsorgsyrke, blir sett ned på av sine medsystre. Kampen mot kjønnsrollane gjer dynamikken mellom kjønna dårlegare. Det er både sosiale og bilogiske skilnadar mellom kjønna, og me må ha meir respekt for ulikskap,” argumenterer ho.

”Feminist-kvinnene krev at menn skal gjera meir husarbeid av det slaget som kvinner tradisjonelt har gjort, som vasking, oppvask og rydding. Samstundes vil dei at mennene skal halda fram med å gjera det tradisjonelle mannsarbeidet i heime òg. Dei forlangar at han fiskar bilen og ryddar i garasjen. Og han skal ikkje sitta i sofaen og lesa avisa. Skal han sitta i sofaen skal han snakka med henne. Det er eit maktspel mellom kjønna, og no har pendelen svingt for langt i feministisk retning,” seier ho engasjert.

Herland sin analyse bygg på at feminisme av den hardbarka typen har eit overtak i samfunnet. Men dei fleste feministane eg kjenner snakkar om patriarkatet, mannssamfunnet, og meiner at feminismen er ein opposisjonell retning. Herland ser det stikk motsett.

”Feministane har gått frå å vera Robin Hood til å bli Hertugen av Nottingham. Ein får verkeleg på pukkelen om ein seier han imot. Den kulturradikale feminismen dominerer. Det er ein sterk motstand mot den kvite mannen, og kvinner og ikkje-kvite blir sett på som offer. Feminismen gjennomsyrer media, politikken og statsforvaltninga. Det er ein herskande ideologi”.

Herland meiner mellom anna av dei typiske dameblada er fulle av feministisk tenking. ”Det står stadig vekk om at ein må stå på krava, og krevja ting av mannen sin eller samfunnet. Sjølv om berre eit fåtall av kvinnene i Noreg i dag er aktive feministar blir dei aller fleste påverka av dei haldningane som kvinneblada og media generelt spreier”.

Men så vil mange feministar påpeika at det trass alt er sånn at menn har dei fleste maktposisjonar i samfunnet. Det er ikkje akkurat kvinnefleirtal i leiande stillingar i næringslivet, og på Stortinget er kvinnene òg i klart mindretal. Ikkje eingong i lokalpolitikken dominerer kvinnene. Korleis kan Herland påstå at kvinnene og feminismen dominerer?

”Når næringslivet er manndominert er det fordi kvinner sjølve vel å ikkje gå inn der. Næringslivsleiarar jobbar veldig mykje, og mange kvinner vil ha tid til barna eller seg sjølve. Det same gjeld i mange politiske verv. Det er ikkje noko problem at menn har mektige stillingar.”

Feilslått feminisme: Menn tener langt meir enn kvinner. Gjer ikkje det at makttilhøva i familien blir skeive? ”Det er ingen samanheng mellom kor mykje pengar ein bringar til familien og kor mykje makt ein har i familien. Eit døme på dette er islamske landsbysamfunn i Kenya kor mannen tenar pengar, men kvinnene styrar heimen med hard hand. Om mannen ikkje tener nok, kan dei skilja seg frå han og gifta seg med ein som tener betre. Det er mange andre maktmiddel i familien enn pengar. Kvinner har til dømes mest kontroll over seksualiteten. ”

Herland forteller at fleire av hennar høgt utdanna veninner opplever å bli sett ned på om dei fortel at dei brukar fleire timar på å laga ein god middag til mannen sin. Ho meiner dette viser at kvinner ikkje har fridom til å leva som dei vil, på grunn av det påståtte ideologiske hegemoniet til sekstiåttarfeministane.

Herland meiner vidare at det blir sett på som problematisk at kvinner pyntar seg for mannen sin: ”Mange sekstiåttar-feministar, og yngre etterfyljarar, vil ikkje sminka seg eller gjera seg lekre for menn generelt eller mannen sin spesielt. Dei stiller mange krav til mannen, men FOR FÅ krav til seg sjølve. ” Ein av dei tinga Herland er kjent for å offentlegheita er å ha sagt at det er fullt forståeleg at norske menn blir leie av dei vrange norske kvinnene, og heller giftar seg med utanlandske kvinner. Ho meiner at mange utanlandske kvinner har meir respekt for kjønnskilnadar, og ter seg betre mot mennene.

Mange norske kvinner, og mange menn som ikkje har umiddelbare planar om å importera ei kone frå Thailand eller Russland, meiner at denne type ekteskap stort sett handlar om menn som ikkje finn norsk kvinner som vil gifta seg med han. At det er menn som er valt vekk av norske kvinner, ikkje menn som vel vekk norske kvinner.

Herland meiner at dette er heilt feil. ”Det er eit respektlaust syn, både ovanfor dei norske mennene og dei utanlandske kvinnene. Det dreier seg rett og slett om folk som har andre ideal enn feministane, og som sett pris på feminine kvinner.”

Intervjuet med Herland blei gjort i starten av valkampen. Herland fortalde at ho såg sympatiske trekk med fleire parti, og ikkje ville takast til inntekt for eit konkret parti. Mål og Makt spurde henne kva hennar syn på kvinner og menn si stilling i samfunnet hadde for nokre aktuelle spørsmål i valkampen.

 

Feilslått feminisme:Hanne Herland, Det Nye Babylon.
Feilslått feminisme: I DET NYE BABYLON. Hvordan Vesten mistet sin storhet analyserer religionshistoriker, forfatter og grunnlegger av nyhetssiden Herland Report, Hanne Nabintu Herland, den ekstrem-liberale utviklingen og det kulturelle forfallet i Vesten. De verdiene som holdt samfunnsfelleskapet sammen, slik som solidaritet og empati, har i stor grad blitt byttet ut med grådighet, materialisme og ensidig vekt på selvrealisering. Det nye Babylon beskriver også hvordan en gjeninnføring av noen av våre viktigste historiske verdier, vil kunne lede vår kultur inn i en ny blomstringsfase med vekt på individets ansvar i fellesskapet.

 

Feilslått feminisme: Kanskje ikkje overraskande var ho sterkt kritisk til likelønskommisjonen, Sjukepleiarforbundet og SV sitt framlegg om ein likelønspott. ”Om kvinner vil tena det same som menn får dei gå inn i mannsyrke. Hadde kvinner ynskja det, og hatt dei rette kvalifikasjonane, kunne dei hatt framtredande stillingar i næringslivet.

Faktum er at MANGE kvinner IKKE VELGER DISSE YRKENE. Når kvinner jobbar i omsorgsyrke er det fordi dei er opptekne av andre ting enn pengar. Dei vil kunne jobba deltid for å ta vare på familien og ungane sine. Noreg må vera det einaste landet i verda kor det å visa omsorg og prioritera tid til å ta vare på ungane blir sett ned på”.

I lys av argumentasjonen ovanfor er det kanskje ikkje noko overrasking at ho er tilhengar av kontantstøtta. ”Eg er for valfridom. Staten må ikkje tvinga alle til å senda ungane i barnehage frå dei er bitte små. Staten må i staden legga til rette for ulike løysingar i familiane, som kontantstøtta på sitt beste kan gjera. ”

På eit politisk punkt er Herland likevel heilt samd med kvinnerørsla og dei fleste feministar. Pornografi skadar kvinner si stilling. ”70% av all netttrafikk globalt handlar om sex og pornografi. Pornografien viser vestlige kvinner som billige objekt som vil ha sex med kven som helst, når som helst. Sjølvsagt påverkar dette globale haldningar til vestlege kvinner, og muslimar si haldning til vestlege samfunn generelt. Frigjorte kvinner burde sørga for å få stoppa pornografien. Der står eg saman med Ane Stø og Ottar.”

Herland meiner at den seksuelle frigjeringa har vore eit tveegga sverd for kvinner. ”Tidlegare måtte i kvart fall menn betala for eit nummer, no kan dei berre gå inn på kva bar som helst og finna villige kvinner. Resultatet er stadig fleire einslege forsørgarar, som verkeleg må gjera ein kjempejobb for å få kvardagen til å henga i hop”.

Gjennom sine innspel i samfunnsdebatten blir Herland både likt, mislikt og ledd av. Ho meiner me må bli flinkare til å diskutera desse spørsmåla, og at det er viktig å utfordra dei feministiske posisjonane. Herland seier at ho får mange positive tilbakemeldingar, både frå kvinner og menn. ”Det er ikkje berre eg som er lei av sekstiåttarfemnistane sin dominans,” avsluttar ho.

Mål og Makt, 2009

 

Feilslått feminisme: Følg debattene om samme tema i VG, samt Dagbladet og Aftenposten og Bergens Tidende eller Dagens Næringsliv for mer informasjon.

Hanne Nabintu Herland er religionshistoriker, forfatter og grunnlegger av Herland Report nyhetssiden, TV kanalen på YouTube og Podcast på Sound Cloud, som når millioner årlig. Her kan du kan se intervjuer og lese artikler fra ledende intellektuelle, forfattere og aktivister på tvers av de politiske skillelinjene. Herland er kjent fra media som en fryktløs analytiker som bryter med den kulturradikale tenkningen. Hun mener 1960-tallets kulturradikale elite har bidratt til å svekke vår kultur. Herland er født og oppvokst i Afrika, har lenge bodd i Sør Amerika og Midtøsten. Kjøp bestselgere som Alarm og Respekt her. Eller Det Nye Babylon. På det internasjonale markedet har Herland boken The Culture War og også New Left Tyranny, samt boken c Herlands siste bok på norsk er Tyranni. Hvordan venstresiden ble den nye, intolerante herskerklassen. Her hevder hun at 1960-tallets nymarxister ble selv den nye eliten som med knallhard hånd styrer befolkningen. Denne herskerklassen er bemerkelsesverdig intolerant mot andre enn dem selv, med skremmende lav respekt for religionsfrihet, ytringsfrihet og mangfold. Det store spørsmålet blir: Var nymarxistene egentlig bare ute etter å bli det nye herskerklassen som kunne tyrannisere arbeiderklassen? www.hannenabintuherland.com

Herland Report Newsletter Subscribe

Check Also

The Goal of Science is to understand God: GHL

Scientism – not science – is the Modern Atheist Religion

  As technocracy and transhumanism have risen to the fore, they have brought with them …

British Christians ended slavery: Truth About Slavery: Practiced by Africans and Arabs in Africa long before the White man got involved: Herland Report

It was British Christians that ended slavery and long pushed for its Abolition

  Today we are told so many lies by the elite atheist propaganda machine, that …

×